Passet ditt er snart utdatert, og det er ikkje sikkert du får nytt der du fekk sist

Seks pass og ID-kontor skal kuttast i Sogn og Fjordane, sjå kva fire som blir vidareført.

DEL

Sikkerheitsnivået for norske pass må betrast for å møte de nye tryggleikskrava, difor har Justis- og beredskapsdepartementet bestemt å kutte stader der du kan få pass til 77 eigna pass- og ID-kontor. De nye passa skal produserast av medarbeidarar med ID-fagleg kompetanse i fysisk sikra lokale melder regjeringa.

30.000 pass vart borte

– Det er for enkelt å skaffe seg et pass på falskt grunnlag. Over 30 000 norske pass blei borte i fjor, og vi veit at desse kan brukast til alt frå svindel og trygdemisbruk, til organisert kriminalitet og terrorisme. Dette er ikkje ein situasjon vi kan leve med. Det er dei også klar over internasjonalt. Med mindre vi gjer noko for å betre tryggleiken, vil norske pass vere utdatert om få år, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP).

De nye passa skal innehalde biometriske data, noko som koplar person og pass saman i større grad. Dette for å forhindre at menneske som har tileigna seg norske pass på falsk grunnlag kan nytte disse.

Risiko

– Menneske med falsk identitet utgjør ein betydeleg sikkerheitsrisiko. Med nye pass får vi langt betre verktøy til å avdekke forsøk på å tileigne seg ein falsk identitet. Det betrar tryggheten for folk flest, poengterer Wara.

Politidirektoratet meiner det er uforsvarleg å halde oppe dagens tal passkontor. Dette av omsyn til å vareta behovet for tilstrekkeleg kompetanse, kvalitet og tryggleik i produksjonen av ID-dokument. POD meiner kvart kontor bør skrive ut eitt stad mellom 4000–5000 pass kvart år for å halde oppe kvaliteten.

Her er kontora som blir vidareført, og dei som blir kutta:

Vidareførast

  • Eid
  • Flora
  • Førde/Naustdal
  • Sogndal

Avviklast

  • Gloppen
  • Høyanger
  • Lærdal
  • Stryn
  • Vågsøy
  • Årdal

Artikkeltags