Kven har mista kniven til bestefar, spør politiet

KVEN SAKNAR DENNE? Politiet leiter no etter eigaren av denne kostbare bunadskniven.

KVEN SAKNAR DENNE? Politiet leiter no etter eigaren av denne kostbare bunadskniven. Foto:

FLORØ: Ein forseggjort og flott bunadskniv manglar bestefaren sin, 78 dagar før 17. mai.

DEL

Når du les kombinasjonen av orda «kniv» og «politiet», så handlar det vanlegvis om at lovas lange arm har teke eit farleg våpen frå ein eller annan. Men denne etterlysinga er noko annleis. Her vil nemleg politiet dele ut ein kniv, til den rettmessige eigare, vel å merke.

Politiet i Florø fekk for ei tid tilbake inn ein svært flott kniv, av typen som menn ofte ber som ein del av bunaden sin. På knivslira står det innprenta «til bestefar». Men kva bestefar det er snakk om, er politiet framleis heilt blanke på.

– Det einaste vi er temmeleg trygge på, er at eigaren er ein florømann, seier tenestestadsleiar hjå politiet i Florø, Wenke Hope.

No vil Hope gjerne gi kniven tilbake til rett bestefar, og ber eigaren om å ta kontakt. Men ho deler ikkje ut kniven til kva bestefar som helst, strekar ho under:

– Vi kan ikkje utelukke at kniven er stolen, så vi ber dei som har ein slik kniv om å sjekke bunadsutstyret sitt. Den som manglar kniven kan deretter ta kontakt med oss, og «passordet» for å få kniven utlevert frå oss, er å oppgi kva tekst som elles står gravert inn på kniven.

Manglar du kniven din, eller har mistanke om kven som uvitande har knivlaus bunad hengande i skåpet, kan du ta kontakt med politistasjonen i Flora på telefon 57758823.

Artikkeltags