Materiell for 50.000 kroner stole frå anleggsplass i Bremanger

DEL

I løpet av siste halvdel av sommarferien har tjuvar stole med seg ein del materiell frå ein lagringsplass i Sørdalen ved Bortnetunnelen. Det melder politiet i Sunnfjord på Facebook. Det er i hovudsak åkplater, strekkfisker, kuleboltar og anna som er vekke. Totalt har det ein verdi på kring 50.000 kroner.

Lensmann Espen Gulliksen ber om tips i saka. Han kan nåast på telefon 5779 6634.

Artikkeltags