Etterlyser sakna båt i samband med dødsfall

Politiet i Flora etterlyser no denne båten i samband med funnet av ein død mann i Furuholmen småbåthamn måndag kveld.

Politiet i Flora etterlyser no denne båten i samband med funnet av ein død mann i Furuholmen småbåthamn måndag kveld. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet i Flora etterlyser båten «Calpurnia» i samband med at ein eldre mann blei funnen død i sjøen ved Furuholmen måndag kveld.

DEL

Politiet veit no ifølgje NRK Sogn og Fjordane med ganske stor sikkerheit identiteten til den avlidne mannen som blei oppdaga av forbipasserande i sjøen ved Furuholmen småbåthamn måndag kveld.

Ein båt med kjennemerket TAH445 og «Calpurnia» er sakna, og denne båten skal ha vore i den eldre mannen sitt eige. Politiet ønskjer no å få tips om nokon har sett båten.

Ifølgje NRK skal den avlidne obduserast på fredag, og etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes strekar under at det ikkje er mistanke om noko kriminelt i samband med dødsfallet, men at dei ønskjer å finne båten som ein del i det å kartleggje kva som har skjedd.

Artikkeltags