– No vil vi kome i kontakt med alle dei som har blitt ramma av tagginga.

Det seier Dag Rune Nygård ved Flora politistasjon. – Vi har avhøyrt to gutar i 16-17 års-alderen. Dei har tilstått og lagt alle korta på bordet. Dei har mellom 60 og 90 forhold av tagging på samvitet, opplyser han. Politiet håper at personar som har vore utsett for slikt skadeverk tar kontakt, slik at dei kan samle alle sakene i eit felles erstatningssøksmål. – Har ein fått tilgrisa hus, bil eller kva det måtte vere, så ver vennlege og ta kontakt, seier Nygård.

Spesiell logo

Dei to ungdommane har ein spesiell logo som dei har tagga gong på gong. BAMF står det, og ofte med eit tilhøyrande smilefjes ved sidan av. – Det er ei forkorting som står for "Bad Ass Motherfuckers". Denne har dei teikna utruleg mange stader, mellom anna på Røde Kors-huset, aldersheimen og sjukehuset, opplyser Nygård. Gutane vart tatt etter at dei hadde brent bål i ein huk på Flora vidaregåande skule i helga. Der hadde dei forsøkt å få to sprayboksar til å eksplodere, men ikkje lukkast. – Etter synfaring ved dette bålet fann vi ei kopling til dei to som no har tilstått. Akkurat kva den koplinga var, kan vi ikkje gå ut med, seier Nygård.

Tømt postkasser

Ungdommane har i løpet av helga tømt fleire postkasser i Nonskarvegen og Vangsvegen for post, og nytta brev og anna til å lage dette bålet. – Så viss det er folk i desse to gatene som saknar rekningar eller annan post, så bør dei ringe moglege avsendarar og melde ifrå. Det er ein god del post som er brent opp, fortel han.