Fullt slagsmål blant ungdom på fest

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Ungomsfesten enda med at politiet måtte avslutte kalaset.

DEL

– Det var fullt slagsmål som gjekk på nevane laus, seier Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Natt til søndag kom det melding like før klokka 01.00 om at det var fullt slagsmål ved Skyttarhuset ved Florø stadion.

Her var mange ungdommar i alderen 16- 18 år samla, men stemninga enda med å bli alt anna enn god:

– Det var fleire slagsmål på staden, og mellom anna blei ei jente slegen til og ein annan fekk seg ein blåveis.

Politiet reiste ut til staden og fekk etter kvart tømt huset for ungdom:

– Dei kom ikkje heilt til botn i kven som hadde gjort kva. Det vil kome ei politimelding i etterkant av festen frå ei jente som blei slegen i ansiktet, seier Algrøy.




Artikkeltags