Ulykke i Langedal, førar send til Førde med luftambulanse.

Til venstre i biletet ligg sykkelen etter svingen like ved Svarthumla i Eikefjord.

Til venstre i biletet ligg sykkelen etter svingen like ved Svarthumla i Eikefjord. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein motorsyklist har køyrd av vegen i Langedalen på riksveg 5 mellom Eikefjord og Naustdal. Naudetatane er på staden.

Ein motorsykkel køyrde av vegen mellom Svarhumle og Storebru i Eikefjord onsdag kveld. Sjåføren var ein mann i 50-åra, og han vart send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Køyrde ut her: Motorsyklisten har køyrd av vegen like i etterkant av ein sving retning mot Florø.

Køyrde ut her: Motorsyklisten har køyrd av vegen like i etterkant av ein sving retning mot Florø. Foto:

– Det var eit einsleg køyretøy som køyrde av vegen, og det er ingen vitneobservasjonar. Skadeomfanget på sjåføren er ukjend, men han vart send med luftambulanse til Førde sjukehus, seier innsatsleiar i politiet Synnøve Domben.

Sykkel og førar vart oppdaga av forbipasserande i etterkant av ulykka. Syklisten har køyrd vestover mot Florø, då ha han køyrde av vegen.

Oppdatert 21:34:

Sjåføren er lettare skadd, og no innlagd på Førde sentralsjukehus. Dette skriv Helse Førde AMK på sin twitterkonto.

Artikkeltags