Bil utfor vegen ved Sundafjellet

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein personbil med med to vaksne og to barn hamna utfor vegen ved Sundafjellstunnelen laurdag morgon.

DEL

Klokka 07.48 laurdag morgon vart det meldt om ei trafikkulykke på Rv5 på austsida av Sundafjellstunnelen.

Ein bil som kom frå Florø køyrde av vegen då den kom ut av tunnelen.

- Det er materielle skader på bilens venstre side. Airbagar vart utløyst. Det er ikkje meldt om personskader, og alle er ute av bilen, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Det var to vaksne og to barn på 6 år og 1 1/2 år i bilen, og alle skal vere i god form. Er i dialog med helse, skriv politiet vidare.

Trafikken går forbi på staden, men det er meldt om glatt vegbane og snø/slaps i vegen. 

Bilberging vart rekvirert etter ulykka.

Artikkeltags