Promille forårsaka trafikkulukke

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet tok førarkortet frå ein bilist i Vågsøy måndag kveld. Seinare på natta måtte dei ut på ei ny trafikkulukke.

DEL

Måndag kveld ved halv ti-tida fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Halsør, nord om Raudeberg i Vågsøy kommune.

Då dei kom til staden kunne dei konstatere at bilisten ikkje hadde skadd seg, men at vedkomande derimot hadde promillekøyrt.

Eit par timar seinare måtte politiet i Vågsøy ut på vegen på nytt. Då kom meldinga om ei ny trafikkulukke, denne gongen på Indre Totland. Her  skal tre personar ha sitte i ein bil som hamna i grøfta.

Korleis denne situasjonen utvikla seg, har politiet førebels ikkje meldt noko om.

Artikkeltags