Krasja MC, mistenkt for ruskøyring

MC-førar krasja og forlot åtstaden.

DEL

Tidleg laurdag morgon melder politiet om ei trafikkulukke i Førde. Ein lett motorsykkel blei funnen krasja med store skadar i ein vegskråning, men ingen førar var å sjå på staden då politiet kom dit.

Litt seinare kom politiet i kontakt med eigaren og føraren av motorsykkelen. Føraren har no fått tilsyn av helsevesen, og vedkomande er mistenkt for å køyrt i påverka tilstand.

Artikkeltags