Gå til sidens hovedinnhold

Mann mistenkt for promillekøyring i Brandsøy

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Mannleg bilist blæs raudt i rutinekontroll.

Torsdag morgon rundt klokka ni gjennomførte politiet ein promillekontroll på Riksveg 5 ved Brandsøy i Florø.

Ein av bilistane som blei stogga blæs til raudt, og blei teken med til lege for blodprøvetaking.

- Utfallet av blodprøva er ikkje klart enno, men mannen er rutinemessig fråteken førarkortet, fortel tenestestadleiar Wenke Hope ved politiet i Florø.

Kommentarer til denne saken