Har julefreden senka seg?

Politi dom

Politi dom Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Om ein ser på nattas politilogg på Twitter, kan det nesten verke slik. ikkje eit einaste oppdrag i fylket natt til laurdag.

Rett nok har dei uniformerte likevel vore aktive den seinare tida i høve Nasjonal Ruskontrollveke, der mange hundre har blitt stoppa og bedne om å blåse - også på stader der ein ikkje ser politiet så ofte.

Til dømes dukka dei opp i Nordalsfjord tidlegare denne veka. Då vart 44 personar kontrollerte utan utslag for nokon av dei. Derimot vart ein person meld for å køyre med overvekt på bilen sin.

Fredag kveld vart det meldt om eit trafikkuhell på Krokane, der ein person rygga på ein annan bil og deretter stakk frå staden. Imidlertid såg eit vitne heile episoden, og politiet var difor i stand til å spore opp vedkommande. Det enda med at partane fylte ut skadeskjema.

Artikkeltags