Blei teken for å køyre motstraums

FLORØ: At påbod om einvegskøyring også gjeld i helg og nattestid, fekk ein florøbilist ei påminning om laurdagsnatta.

DEL

Politiet sin helgepatrulje melder om ei fredeleg julebordshelg i Sunnfjord. Men litt var det likevel å henge fingrane i.

Ifølgje politiet sin twitterpatrulje blei ein bilist stogga i Florø sentrum etter midnatt laurdag for å ha køyrt i motsett retning av skilta einvegskøyring.

Eit førelegg blei det også på ein annan bilist, som frakta fleire passasjerar enn kva bilen var registrert for.

Artikkeltags