Sundafjell-tunnelen blei stengd, måtte hente ut fotgjengar

DEL

Sundafjellstunnelen på Riksveg 5 blei stengt i føremiddag, etter observasjon av ein fotgjengar som gjekk inne i tunnelen, og som var dårleg synleg for bilistar.

- Politiet rykte ut ved 11.20-tida for å forsøke å lokalisere mannen og ta han med ut av tunnelen, for å forhindre ei ulykke, fortel tenestestadsleiar Wenke Hope ved politiet i Florø.

Klokka 11.35 melde politiet at situasjonen er avklara, og vegen er opna att.

Artikkeltags