Politiet tok fire bilistar på Bjørnset

FLORØ: Fire køyrde for fort

DEL

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på Riksveg 5 ved Bjørnset, mellom Brandsøy og Grov på onsdag.

Fire av dei kontrollerte blei målt med for høg fart, og høgste målte fart var 98 kilometer i timen, melder politiet på twitter.

Fartskontrollen blei gjennomført mellom halv sju og ni på kvelden, og politiet tok også ein bilist som snakka i handhalden mobil.

Artikkeltags