12.000 i bot for ikkje å ha stoppa for politiet

Snudde då han traff på politiet i fartskontroll.

DEL

Ein mann i 20-åra møtte denne veka i retten tiltalt for ikkje å ha stoppa for politiet i ein fartskontroll i Flora i mai.

Mannen kom køyrande på motorsykkel saman med ein kompis, men dei valde begge å stoppe og snu etter at dei hadde passert lasermålaren, før dei kom til stopposten lenger framme. Då dei snudde gjekk politibetjenten som heldt lasermålaren ut i vegen for å stoppe dei, men berre ein av dei to kameratane valde å stoppe.

Etter retten si meining var det ingen tvil om at mannen såg og forstod at det var politiet som forsøkt å stoppe han, og for det må han betale ei bot på 12.000 kroner, 5000 kroner i sakskostnader og misser sertifikatet i tre månader.

Artikkeltags