Stal jakke - blei heimkøyrt av politiet

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Florø: Fleire verksemder i Evja-området fekk uønskt besøk tysdag.

DEL

Tysdag på dagtid fekk politiet i Florø melding om at ein person som ikkje hadde ærlege hensikter, var blitt observert innomhus hos fleire verksemder på Evja-området.

- Det var ikkje snakk om noko hærverk, men frå ei av verksemdene tok mannen ei jakke, som vi seinare fann att og leverte tilbake, fortel fungerande tenestestadleiar Synnøve Domben.

Eigaren av jakka som blei stolen ønskte ikkje å politimelde saka, og gjerningsmannen, ein mann i 40-åra som er ein kjenning av politiet, blei køyrt heim til bustadadressa si.

Artikkeltags