Stakk av med båtmotor i handlevogn – tekne på fersken

Av

FØRDE: Kjapp reaksjon forhindra at båteigar blei motorlaus.

DEL

Like før klokka halv fem fredag morgon, blei ein førdianar augevitne til at to personar stal motoren frå ein båt. Det litt spesielle var transportplanen for tjuvgodset, for dei to hadde nemleg putta motoren i ei handlevogn og skulle trille den med seg.

Då dei blei oppdaga, lot dei vogn vere vogn og la på sprang. Men då hadde førdianaren allereie varsla politiet, som tok opp jakta og fekk pågripe to personar, som no er mistenkt for den irregulære handleturen.

Artikkeltags