Politiet spora opp julegåve-tjuv

FLORØ: Florø-kvinne blei fråstolen julegåve frå ulåst bil. Men politiet berga kvelden.

DEL

Fortvilinga var nok stor då florøkvinna oppdaga at ei julegåve ho nettopp hadde handla, var borte vekk frå bilen ho hadde late stå ulåst.

Men ifølgje politiet var ein nabo av kvinna årvaken. Han hadde tidlegare på dagen observert ein mann som hadde teke seg inn i fleire andre bilar i området, og gjennom beskrivelsar av mannen, fekk politiet ein peikepinn på kven julegåvetjuven kunne vere.

Dei starta arbeidet med å spore opp mannen, og fann både han og den stolne julegåva. Gåva er no tilbakelevert til den rette eigaren.

Artikkeltags