Politifolk veit ikkje kvar dei skal møte opp

– Å vere leiar i ein krevjande periode er ikkje berre enkelt, seier driftseiningsleiar Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Florø. Arkivfoto.

– Å vere leiar i ein krevjande periode er ikkje berre enkelt, seier driftseiningsleiar Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Florø. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Mange politifolk veit enno ikkje kvar dei skal jobbe etter at nærpolitireforma set ein strek for operasjonssentralen i Florø.

DEL

Når dørene til operasjonssentralen i Florø vert stengde 8. november, er det ni operasjonsleiarane og vel ti operatørar som ikkje veit kvar dei skal møte og kva deira nye arbeidsoppgåver vert, skriv Bergens Tidende i dag.

Uro og uggent

– Vi skal drive politiarbeid. Men slik stoda er no, er det ikkje avklart kor alle skal. Det er sjølvsagt mange urolege for, seier driftseiningsleiar for operasjonssentralen i Sogn og Fjordane, Odd Arve Solvåg til BT.

– Det er uggent ikkje å vite kva ein gjer om knappe tre veker. Om ein må pendle langt eller ikkje. Framtida er sett på vent, seier operasjonsleiar Kjetil Drange, og legg til at fleire politifolk i mangel på avklaring alt har søkt seg over i andre stillingar både i og utanfor politiet.

Er i dialog

– Vi er i dialog med dei tilsette i Florø, og alle skal ha fått tilbod om nye roller, blant anna å bli med til Bergen. Mange stillingar er på plass, men noko er framleis uavklart, seier politimeiser for Vest politidistrikt, Kaare Songstad til Bergens Tidende.

Artikkeltags