Feststøy? Nei, det har vi ikkje høyrt

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Natt til 1. mai oppførte russen som festa på Sanden i Naustdal seg fint; fire personar vart bortviste frå staden fordi dei ikkje var russ. Men politiet fekk likevel rikeleg å henge fingrane i frå resten av den feststemte befolkninga.

Både i Florø, Førde og på Eid var det slåsting ved ein utestad, og politiet kom over rusa ungdommar som trengde assistanse for å komme seg heim både her og i Førde.

Florø: 00.10 fekk to førarar foreinkla forelegg for å køyre på grusvegen bak Flora ungdomsskule - 4200 kroner kjennast nok i lommeboka.

00.33 kom politiet over ein rusa ungdom som vart køyrd heim.

00.48: Klage på feststøy frå sentrumsleilegheit. Når politiet kom til staden var festen klokeleg avslutta.

02.21: Melding om slåsting ved ein utestad, politiet kom til staden.

03.17: Det vart meldt om ein rusa mann i sentrum. Politi til staden.

03.40: Meldt om rusa jente i sentrum. Politi til staden.

Omlag dei same problemstillingane måtte politiet handtere i

Førde: Her fekk politiet klage på noko som skulle vere feststøy frå eit hus på Bergum utanfor sentrum. Men då politiet kom til staden, viste det seg at det var eit bønemøte - og også her rapporterer politiet at ein var i ferd med å avslutte då politiet kom til staden.

01.40: Melding om ein gjest som var til sjenanse ved ein utestad. Han bestemte seg heilt sjølv for å forlate staden då politiet dukka opp.

Like før kl 02: Politiet kom over ein rusa tenåring i Førde sentrum. Han vart likegodt plassert på Sandane-bussen, ettersom det var der han høyrde heime.

02.02: Politiet kom over ein overstadig rusa ungdom i Førde sentrum. Vedkommande vart køyrd heim av politiet.

02.22: Melding om slåsting ved ein utestad, politi til staden.

Forutan desse hendingane var det mistanke om promillekøyring i to tilfeller på Eid, først ein førar i 30-åra, deretter ein ungdom. Begge vart tekne med for blåseprøve, og det vert oppretta sak.

Artikkeltags