Han vil ha lensmannskontor i Bremanger

Bergen, Norway 20160315.
Vest politidistrikt kommenterte granskingsrapporten fra Wiersholm i den mye omtale Monika-saken tirsdag. Politimester Kaare Songstad. 
Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix

Bergen, Norway 20160315. Vest politidistrikt kommenterte granskingsrapporten fra Wiersholm i den mye omtale Monika-saken tirsdag. Politimester Kaare Songstad. Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Politimeister Kaare Songstad har levert sitt framlegg til ny struktur til Politidirektoratet.

DEL

Der går det fram at politimeisteren har valt å oppretthalde 30 politistasjonar og lensmannskontor i det endelege framlegget til ny struktur for Vest politidistrikt.

Held på Svelgen og Osterøy

I forslaget som politimeisteren sende på høyring i oktober var lensmannskontoret i Svelgen, Bremanger i Sogn og Fjordane, samt lensmannskontoret på Osterøy i Hordaland foreslått lagd ned, men etter høyringsrunda har Songstad kome fram til at han ønskjer å oppretthalde begge desse lensmannskontora.

Politimeisteren har også i tilrådinga konkludert med at det beste alternativet for lensmannskontor i indre Sogn vil vere Lærdal og ikkje Årdal. I tillegg vert det oppretta eit eige tenestekontor på Flesland ved Bergen Lufthamn, grunna i den store tilveksten av passasjerar som er venta som følgje av ny flyplass. Bergen kommune opprettheld fire politistasjonsdistrikt som tidlegare.

30 tenestestader

Dersom Politidirektoratet vel å fylgje tilrådinga frå Songstad, vert det 30 tenestestader: ein politistasjon i Florø og fem politistasjonar i Bergen samt lensmannskontor i Vågsøy, Eid, Stryn, Bremanger, Gloppen, Førde, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Vik, Lærdal, Masfjorden, Nordhordland, Odda, Kvinnherad, Kvam, Fusa, Os, Austevoll, Tysnes, Voss, Osterøy, Askøy og Sotra og Øygarden .

Vidare vert det tilråda ei inndeling av Sogn og Fjordane i tre tenesteeiningar/lensmannsdistrikt og Hordaland i 11 tenesteeiningar/lensmannsdistrikt.

Desse blir føreslege avvikla

Samstundes vert det tilrådd avvikling av 17 av dagens lensmannskontor ved Selje, Balestrand, Gaular, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Luster, Aurland, Årdal, Gulen, Solund, Austrheim og Fedje, Ulvik, Vaksdal, Ullensvang og Eidfjord, Jondal og Samnanger.

– Dei lensmannskontora som no vert borte og slått saman med større einingar, hadde i utgangspunktet låg bemanning, held politimeisteren fram. Dei 14 tilrådde tenesteeiningane og 30 tilråda tenestestadene oppfyller definerte krav til kvalitet og kapasitet definert for tenesteeiningar og tenestestader, seier politimeister Songstad i pressemeldinga.

Artikkeltags