- Dei digitale politistillingane i Florø kjem. Og dei vert utruleg viktige for oss.

Arne Johannessen er den nye leiaren i Geografisk driftseining Sogn og Fjordane. Snart styrer han ein heilt ny samanskrudd politietat i fylket vårt.

Arne Johannessen er den nye leiaren i Geografisk driftseining Sogn og Fjordane. Snart styrer han ein heilt ny samanskrudd politietat i fylket vårt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Skal ein drive politiarbeid i ein digital tidsalder, treng ein digital kompetanse. Og den har politiet for lite av, fastslår Arne Johannessen.

DEL

1. mars er ein merkedato for politiets øvste lokale leiar i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen. Frå den datoen finst det berre tre lensmenn i Sogn og Fjordane, ein i kvart fogderi, og dei nye nye driftseiningane skal vere operative.

- Det er ein litt underleg tanke, men slik blir det, konstaterer politiveteranen, som no har fått den noko krøkkete tittelen «Leiar for geografisk driftseining Sogn og Fjordane».

Men Johannessen har ikkje tid til å dvele over titlar for tida. Til det er det for mykje som skal på plass dei komande månadene.

Stor interesse for nye utfordringar

- Vi har lagt rammeverket. No skal det fyllast med folk og oppgåver. Og heldigvis: Personellet vårt er motiverte, og mange søkjer seg nye oppgåver med utfordringar. Det er bra, konstaterer GDE-leiaren.

Og utfordringar finst det plenty av. Ein av dei er å henge med i den digitale tida.

Om det er eitt område vi i politiet ikkje er gode nok på, så er det å jobbe digitalt.

Arne Johannessen, leiar for geografisk distriktsområde Sogn og Fjordane

- Det har vore mykje snakk om kva stillingar som kjem til Florø. Satsinga på digitalt politi blir ein realitet - og det kjem til Florø. Når kan eg ikkje love, men gjennom 2018 og 2019 vil mykje falle på plass. Og det hastar, for om det er eitt område vi ikkje er gode nok på, så er det å jobbe digitalt, seier Johannessen.

- Kva legg de i å jobbe digitalt? Og kva skal desse stillingane brukast til?

- Det er samansett. Ein ting er å vere betre på sosiale medier. Å møte folk der folk er. Men også å kunne drive digital etterforsking, sikre digitale spor, slik vi til dømes ser i ein del overgrepssaker mot born. Men det kan også handle om å nytte digitale arbeidsverktøy - jamvel ute i felten på åstader. Her har vi svært mykje å hente for å bli meir effektive, og dette skal stillingane i Florø styrke oss på når dei kjem på plass. Ikkje minst gjeld dette politipatruljane våre. Her må vi styrke oss på det etterretningsmessige. Per i dag jobbar vi altfor tilfeldig, seier Johannessen.

Domben vert operativ fagleiar

Ein god del av det nye «politihuset» til Johannessen er i ferd med å ta form. Her er ein kortfatta status per midten av januar:

- Tre lensmenn er tilsett. I Sunnfjord blir det Dag Fiske som får jobben, og har base i Førde. Alle tre lensmenn rapporterer direkte til Johannessen. Dei to andre lensmennene sit på Eid og i Sogndal.

- På dei andre politikontora får øvste leiar tittelen tenestestadsleiar, med politioverbetjents grad. I Florø vert dette Wenke Hope, i Bremanger Espen Gulliksen. Sunnfjord får seks politikontor, Sogn fem og Nordfjord tre.

- Politikontaktar er komne på plass i mange kommunar. Dette er politiets utpeikte kontaktperson inn mot kommunal leiing, der m.a. førebyggjande arbeid har fokus. I Flora er Wenke Hope politikontakt, i Bremanger Espen Gulliksen.

- I dei fire kommunane Naustdal, Gaular, Førde og Jølster som snart skal bli til Sunnfjord kommune, er det peika ut to politikontaktar totalt.

- Fleire fagleiarar for ulike arbeidsfelt er tilsett. Operativ fagleiar med ansvar for politipatruljane, vakt og beredskap blir Synnøve Domben.

- Fagleiar for førebyggjande arbeid vert Odd Helge Vågset (Førde)

Sunnfjord får seks innsatsleiarar

I tillegg er Johannessen snart klar med 12 nye innsatsleiarar i fylket.

- Desse stillingane er utruleg viktige når ting tek laust. Då står dei i direkte linje under politiets operasjonssentral i Bergen og har det operative ansvaret på ein åstad. Seks av desse stillingane kjem i Sunnfjord, fortel Johannessen.

Ei anna viktig stilling som også skal vere avklart innan 1. mars, er ei nyoppretta stilling som straffesaksansvarleg. Denne personen skal sørge for framdrift og prioritering av politiet sine ressursar når det gjeld etterforskingsarbeid.

- Det er fire svært dugande søkjarar til denne stillinga, og vi har snart ei avklaring, seier Johannessen.

Artikkeltags