Åtte av ti seier dei er nøgde med politiet i vest

Tilliten og fornøgdheitsgraden med Vest politidistrikt er aukande, skal ein tru den årlege kartlegginga som MMI har utført for politiet sjølv.

Tilliten og fornøgdheitsgraden med Vest politidistrikt er aukande, skal ein tru den årlege kartlegginga som MMI har utført for politiet sjølv. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

79 prosent av dei spurte i Vest politidistrikt seier i årets innbyggjarundersøking at dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er ein auke frå førre undersøking. På landsbasis er det 83 prosent av dei spurte som har stor og ganske stor tillit til politiet, også dette ein oppgang frå i fjor.

- Eg er glad for at det no ser ut som om vi er på rett veg igjen, seier politimester Kaare Songstad i ei pressemelding.

- Vi har i nokre år vært nedst på lista og ikkje klart å vise innbyggjarane kva vi er god for. Derfor er det godt å sjå framgang på fleire område i årets undersøking, legg han til.

I undersøking svarar folk mellom anna dette:

- Dei kjenner seg trygge der dei bur og ferdast (95 prosent)

- Dei er generelt meir positive enn på same tid i fjor

- Dei er generelt lite bekymra i kvardagsliva sine. Men i den grad folk uroar seg, så gjeld det frykt for å verte trakasserte på nett, bli utsette for skader i trafikken - eller å bli svindla digitalt, til dømes gjennom identitetstjuveri.

- Dei har eit betra inntrykk når det gjeld politiet si evne til å kome raskt til ein åstad etter eit valdsbrotsverk.

Songstad til Sunnfjord

53 prosent er også samde i at politiet i Vest kjem raskt til staden ved akutt behov for hjelp. Folks oppleving av at politiet er synleg i nærområdet og er i regelmessig kontakt med innbyggjarane har gått litt opp igjen, både i Vest og for landssnittet. Samstundes seier 76 prosent at det er lett å komme i kontakt med politiet.

- Eg ikkje nøgd med å leie eit politidistrikt som skårar under landssnittet. Mine ambisjonar på vegner av Vest politidistrikt er større. Vi må fortsette å jobbe og ha kvalitet på det vi gjer og slik vise innbyggjarane at vi har kompetanse og ressursar til å levere god polititeneste på alle felt, seier Songstad, som i neste veke kjem til Sunnfjord for å møte lokalmedier for mellom anna å diskutere korleis kommunikasjonen mellom politidistriktet og media kan bli betre.

Betre tilgjengelegheit og styrkt lokalkunnskap på den nye operasjonssentralen kjem garantert til å stå på samtalelista for dette møtet. Blant medier i Sogn og Fjordane er det uttrykt frustrasjon etter nedlegginga i Florø, og tidvis kan det vere umogleg å oppnå kontakt med politiet for å få ut informasjon om hendingar.

Firdaposten kjenner til at også fleire andre aktørar innan beredskapsarbeid har same opplevinga av situasjonen etter samanslåinga av dei to politidistrikta.

Dekkjande for fjordfylket?

- 370 personar har blitt spurde i denne granskinga. Kor mange av desse er frå Sogn og Fjordane?

- Granskinga er utført slik at den er vekta både på alder, geografi og ein del andre parameter for at den skal gi eit dekkjande bilete. Det betyr at om lag ein fjerdepart av dei spurde er frå Sogn og Fjordane, stadfestar Gry Benedicte Halseth overfor Firdaposten. Halseth er kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt.

Feilmarginen i granskinga skal vere på mellom 2,3 og 5,2 prosent, og den er utført av selskapet Ipsos MMI i september og oktober i fjor.

 

- Tilliten til Vest politidistrikt har blitt svekka som følgje av fleire varslingssaker dei siste åra. Etter Monika-saka tok vi grep og var det første politidistriktet som oppretta eit system for varsling og eg oppmoda medarbeidarar om å melde frå om kritikkverdige forhold. Vi jobbar med å få ein meir open kultur internt slik at desse sakene kan diskuterast og eventuelt rettast opp før ein kjem så langt som til eit varsel, seier Songstad.

- Politiet er midt i ei reform og det er viktig å bevise at vi kan levere på kvalitet i våre tenester. Til no har det vært mest snakk om organisering i politireforma. Eg gleder meg til å sjå resultat av nye arbeidsmetodar og bygging av sterkare kompetansemiljø. Samstundes skal vi være på plass når det er behov for oss, anten det er på nettet eller på vegen, legg han til.

 

 

Artikkeltags