Ein mann meldt for ruskøyring. Hadde heller ikkje gyldig førarkort

Av

POLITI: Vart stoppa under ein kontroll i Eikefjord laurdag.

DEL

Politiet har laurdag føremiddag gjennomført ein promillekontroll på rv. 5 i Eikefjord.

45 førarar vart kontrollerte og ein mann i 40-åra blir meldt for køyring i rusa tilstand og utan gyldig førarkort.

– Han blir tatt med til Florø for ein blodprøve no, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda

Mannen er mistenkt for å vere påverka av medikament og narkotika.

– Sett vekk frå det er vi fornøgd med resultatet frå kontrollen, seier Rebnord.

Artikkeltags