Måndag blei ei kvinne i 20-årsalderen pågripen av politiet i Florø. På kroppen hennar, og seinare i eit husvere, blei det funne narkotika. Kva type narkotika der er snakk om, er politiet førebels usikre på.

Pulver

– Det er i pulverform, og det er sendt inn prøvar av stoffet til Folkehelseinstituttet for analyse, fortel tenestestadsleiar Wenke Hope ved politiet i Florø.

Ho ønskjer ikkje å gå ut med kva mengder som er beslaglagt, eller om fleire personar er i søkjelyset i saka, då etterforskinga framleis pågår.

Kjenning av politiet

– Vi har ikkje fått avhøyrt kvinna enno, men ho har hatt befatning med politiet tidlegare, stadfestar Hope overfor Firdaposten.