Han er skipper på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen 2.

Dei har leita etter 58 år gamle Tom Fagerland og fiskeskøyta hans i heile helga utan resultat.

Aastrøm fortel at mange båtar har vore involvert i søket.

– Vi har leita etter både Tom Fagerland og eventuelle vrakrestar av treskøyta hans, men vi har ikkje funne noko verdas ting, seier han til Bergensavisen.

Har vore sakna sidan 2. november

Fagerland har vore sakna sidan 2. november. Då vart han fotografert ved Askvoll om bord i båten. Laurdag gjekk politiet ut med etterlysningar og bilde av den sakna.

– Vi trappa opp søket laurdag. Då vart det sett inn store ressursar etter tips i saka. Men tipset stemde ikkje, seier Aastrøm.

Redningsskøyta avslutta søket då mørket fall laurdag.

Den 58 år gamle mannen kjem frå Stord, og hadde reist til Askvoll for å kjøpe båt. Fagerland gjekk frå kai i Kalvåg nord for Florø.

11 båtar, to fly og eitt helikopter

Hovedredningssentralen opplyser at søka etter båten vart intensivert i helga.

– På laurdag hadde vi 11 båtar, to fly og eitt helikopter med i leitinga, seier redningsleiar Eric Willassen, til BA.

Han seier at det er eit svært stort leiteområde.

– Det er ikkje funne spor av mannen eller båten trass i omfattande søk langs den trulege seiglingsruta. No avsluttar vi det aktive søket, seier han.

Han ber folk på sjøen om å være observante. Ny informasjon og observasjonar kan føre til fleire søk.

Det var vener av mannen som vart bekymra og melde Fagerland sakna.

Politiet reknar med at mannen skulle reise tilbake til Stord etter båtkjøpet.

«Fram»

Den gamle treskøyta er på 33 fot og er ti meter lang. Skroget er olja og har eit kvitt hus.

På begge sider av baugen står det «H-97-S», medan det på fronten av styrehuset står «Fram».

Motoren er ein fire sylinders diesel på 50 hk.

Beskrivelse

Fagerland er om lag 178 cm høg. Han har blå auge og raudt hår som dekkjer ørene.

58-åringen har fleire tatoveringer på overkroppen, armane og hendene.

Han var iført sixpence, fleirfarga skjorte, mørk jakke og sort dongeribukse då han reiste frå Kalvåg.

Politiet ønskjer tips i saka på telefon 02800.