Urinerte i Strandgata, måtte i fyllearresten

Av

Det var fleire hissige menn og kvinner på fest i natt.

DEL

Laurdag kveld fekk politiet meldingar om ein rusa og svært sint mann. Han var utagerande mot både gjestar og tilsette ved Skjerjehamn i Gulen, skriv firda.no.

– Det tar litt tid før politiet kjem seg ut der, då har mannen gått heim til bustaden sin, seier Dag Olav Sætre, ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Politiet oppsøkte mannen der han budde, og fekk kontroll på han der.

– Meldinga var dramatisk, men det ser ut til at det roa seg raskt ned, Sætre.

Ingen personar skal vere skadde eller utsette for vald.

Sett i drukkenskapsarrest i Florø

Ti på halv to fekk politiet auge på ein mann som urinerte i offentleg rom i Strandgata i Florø. Då dei tok kontakt nekta han å opplyse personalia.

– Han vart oppfatta som rusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, seier Sætre.

Kvelden enda i drukkenskapsarrest.

– Dei måtte baske litt med han, for han var veldig aggressiv. Det blir oppretta sak, seier Sætre.

Krangla med vaktene

I Førde vart ei sint kvinne som krangla med vaktene ved Sunnfjord hotell sendt bort av politiet. Ho forlèt plassen då ho fekk beskjed om det.

I Vik rykte politiet ut til slåstkamp. Ifølge politiet var det ikkje store skader, og det er førebels ikkje oppretta sak.

– Partane må tenke seg om, om dei ønsker å melde saka eller ikkje, seier Sætre.

Artikkeltags