To menn ville forlenge festen

DEL

Ein mann i Hyllestad som i natt skulle på nachspiel, gjekk feil og prøvde å komme seg inn i huset til ei eldre dame. Ho ringde politiet, som rykka ut og fann mannen. Han forklarte saka og unnskylda seg overfor kvinna før politiet køyrde han heim.

I Høyanger nekta ein mann å forlate Høyanger Hotell natt til laurdag. Også politiet vart skjelte ut då dei kom til staden.

Han fekk pålegg om å forlate plassen, og vil bli meld for å ha forulempa offentleg tenestemann, og for brot på ro og orden.

Mannen var ikkje lokal.

Artikkeltags