Rusa hagevandrar teken hand om på julaftan

FLORØ: Mann gjekk frå hus til hus, blei til slutt pågripen av politiet.

DEL

Klokka 18.50 fekk politiet i Florø meldinga. Tidspunktet stemde, rørslemønsteret likeså - men det var dessverre ikkje han dei minste borna  venta besøk av på julaftan som var på ferde.

I staden rykka politiet ut og fann ein rusa person som gjekk frå hage til hage og tok seg inn i ulåste bustader i Vågastubben sør for Florø sentrum.

Mannen blei pågripen av ein politipatrulje og sett i varetekt.

Ifølgje politiet sine twittermeldingar blei mannen pågripen etter tips frå fleire personar i området, og han kjem til å bli politimeld.

Artikkeltags