Ønskjer tips etter innbrot i klubbhus

HAR DU SETT NOKO? – Kontakt oss viss du har sett noko aktivitet rundt klubbhuset ved Florø stadion natt til fredag, oppmodar Wenke Hope.

HAR DU SETT NOKO? – Kontakt oss viss du har sett noko aktivitet rundt klubbhuset ved Florø stadion natt til fredag, oppmodar Wenke Hope.

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Klubbhuset ved Florø stadion fekk ubudne gjester natt til fredag.

DEL

Først knuste nokon ei rute for å ta seg inn i bygget. Vel inne knuste dei ei dør. No ønskjer tenestadsleiar Wenke Hope seg hjelp frå publikum for å finne ut kven som gjorde innbrot på klubbhuset ved Florø stadion.

– Vi veit at alt var ok torsdag kveld, for då var det personar til stades og brukte bygget. Innbrotet og hærverket har skjedd i løpet av natt til fredag. Om nokon har sett aktivitet i området i dette tidsrommet, vil politiet gjerne ha tips om det, seier Hope til Firdaposten.

Det blei ikkje stole verdigjenstandar under innbrotet. Politiet har sikra seg spor på åstaden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken