Laurdag 3. desember kom det inn melding til politiet om at det var oppdaga eit innbrot i eit naust på Grønenga. Det viste seg at ein del verkty mangla då eigaren fekk sett etter.

- Difor ber vi folk som har eigedommar på Grønenga om å sjekke dersom dei ikkje har vore der siste veka, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes hos politiet.