Fyll, slåsting og uro

Politi dom

Politi dom Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Natta etter pinseafta vart uroleg for politiet.

DEL

Politiet i fylket hadde hendene fulle med vald og slåsting i fylket.

I Florø måtte ein rusa mann i 50-åra takast hand om. Han var funnen på bakken utandørs i Svelgen. Sjølv om mannen ikkje var skadd, vart han likevel tatt hand om av ambulanse. Klokka tre var det to unge menn som var ute etter bråk. To rusa menn, den eine i tenåra og den andre i 20-åra, kan vente seg ein reaksjon frå politiet etter at dei slost i sentrum.


Også andre stader i fylket var et uro. I Sogndal såg politiet det naudsynt å køyre ei kvinne i 20-åra heim etter at ho vart funnen medvitslaus utandørs. I Årdal måtte politiet rykke ut til ei privat adresse for å stogge ein krangel. I Nordfjord måtte politiet roe ned to menn. Den eine i 20-åra og den andre i 40-åra fekk pålegg om å forlate sentrum etter slåsting.

I Førde var det fleire mindreårige som var rusa. Politiet måtte fleire gonger vise vekk ungdommar som ikkje var russ frå russearrangement på Festplassen i Førde. Fleire av dei var rusa og mindreårige. Ein av dei, ein 17-åring, vart meldt til politiet for urinering på offentleg stad, nærare bestemt Festplassen. Ein mann i 30-åra måtte få hjelp til å komme seg heim då han var ute av stand til å ta hand om seg sjølv.

Natteramnane måtte få ei ung jente heim. 16-åringen var sterkt rusa og hadde planar om å sove ute.

Artikkeltags