Køyrde i 125 km/t i 80-sona

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet har gjennomført trafikkontrollar på Bjørnset og på Hovland.

DEL

Høg fart på riksveg 5Det var høg fart på helgetrafikantane som køyrde mellom Førde og Florø på Rv5 i dag.

Det var gjennomført kontroll både på Hovland og Bjørnset, og til saman vart det skrive ut 19 forenkla førelegg.

På Bjørnset måtte heile 16 førarar køyre vidare med forenkla førelegg og ei heftig bot å betale. Den raskaste føraren køyrde i 115 km/t i 80-sona.

Like etter flytta politiet seg nærare Eikefjord og kontrollerte bilistane som passerte Hovland. Der vart resultatet tre forenkla førelegg, med ei høgste fart på 101 km/t i 80-sona. Ein fjerde førar var enda hardare på gassen og måtte forlate staden til fots, då han vart ferska i å køyre 125 km/t i 80-sona. Han vart fråteken førarkortet.

Til informasjon steig satsane for forenkla førelegg den 01. januar. Dette er dei gjeldande satsane for 2017.

I 60-sona

For å køyre til og med 5 km/t for raskt må ein punge ut 750 kroner, 2050 for 10km/t, 3700 for 15km/t (to prikkar), 5350 for 20km/t (tre prikkar)og 8300 for 25km/t (tre prikkar). Rundar du 30 km/t mistar du førarkortet.

I 70-sona

For å køyre til og med 5 km/t for raskt må ein punge ut 750 kroner, 2050 for 10km/t, 3300 for 15km/t, 4600 for 20km/t (to prikkar), 6250 for 25km/t (tre prikkar), 8300 for 30km/t (tre prikkar), 9950 for 35km/t (tre prikkar). Når du 40 km/t mistar du førarkortet.

I 90-sona

For å køyre til og med 5 km/t for raskt må ein punge ut 750 kroner, 2050 for 10km/t, 3300 for 15km/t, 4600 for 20km/t (to prikkar), 6250 for 25km/t (tre prikkar), 8300 for 30km/t (tre prikkar), 9950 for 35km/t (tre prikkar) og 10 400 for 40 km/t (tre prikkar). Når du 45 km/t mistar du førarkortet.

Åtte prikkar i løpet av ein periode på tre år gir tapt rett til førarkort i seks månader.

Artikkeltags