Mykje uro i Førde sentrum natt til laurdag, og i Florø er to mistenkt for ruskøyring

Natt til laurdag har politiet rykka ut til slagsmål fleire stadar i Førde.

DEL

– Først byrjar det på Festplassen. Kl. 23.54 skal to personar ha brukt bannslokkingsapparat mot folk, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt til Firda.

Om lag ein halv time seinare skal ein av dei ha sparka ein annan ved Burger King i Førde.

– Den eine av dei vart arrestert, medan den andre var mindreårig og vart køurt heim, seier Mjelde.

Kl. 00.53 kjem det på ny melding om slagsmål på Festplassen.

– Det var fem personar involvert. Politiet får kontakt med to, som hevdar seg dytta og kasta i bakken. Gjerningspersonane var ikkje lengre på staden, seier Mjelde.

Dei som hevdar seg utsett er i 20 åra, medan gjerningspersonane er ukjende.

– Så er det igjen ei melding frå Festplassen Kl. 01.51. Då er det ein som fekk kasta flasker etter seg. Politiet kom på staden men fann ikkje den som hadde gjort det, seier Mjelde.

Ikkje lenge etter, Kl. 02.38, var det framleis ampert på Festplassen. Mjelde seier politiet var på staden med førebyggande arbeid.

Svoltne og sinte i sentrum

– Klokka 02.43 kjem det melding frå Best stasjonen i Storehagen. Ein aggressiv kunde hadde slått i vindauget og kasta ting rundt seg. Politiet viste vekk ein mann i 20-åra med pålegg. Det vil seie at han får ein sjanse til å oppføre seg og gå heim, seier Mjelde, og legg til at den som ikkje rettar seg etter slike pålegg, kan bli politimeld.

To minutt etter hendinga på Best, kjem det melding om slagsmål på Venezia restaurant.

– Fem personar var involverte der. Dei også pålegg om å forlate staden. Alle var tidleg i 20-åra, seier Mjelde.

Klokka 03.49 fekk politiet melding om slåsting på Best-stasjonen

– Dette var truleg nokon som leikeslåas, men det stod fram som reelt for meldar. Det kan vere vanskeleg å sjå forskjell. Også desse vart vist bort, seier Mjelde.

Også desse personane var tidleg i 20-åra.

Same stad vart politiet kontakta av ein vektar. Ein person skal ha oppført seg trugande mot vektaren.

– Den mistenkte oppførte seg greitt, og vart vist bort. Også det var ein mann i 20-åra, seier Mjelde.

Mjelde understrekar at sjølv om svært mange av urokråkene i Førde var tidleg i 20-åra, så er det ikkje snakk russ.

Hendingane skal ikkje ha samanheng med noko russearrangement.

Mistanke om narkokøyring i Florø

– Kl. 22.22 stoppar politiet ein mann i Florøvegen, mistenkt for å køyre i ruspåverka tilstand. Mannen i 20-åra vart framstilt på legevakt og politimeldt, seier Mjelde.

Under eit kvarter seinare stoppar dei ein ny mann på same stad med same mistanke.

– Det var ein mann i 40-åra. Også han vert framstilt på legevakt, mistenkt for køyring i narkorus. Begge hendingane er loggført på same stad, så patruljen har nok hatt ein kontroll i området, seier Mjelde.

NB. Ein tidlegare versjon av denne saka siterte ei Twitter-melding frå Vest politidistrikt, der det sto at dei to i Florø køyrde i narkorus. Det rette er at dei førebels berre er mistenkte for dette.

Artikkeltags