UP varslar «speedmarathon» onsdag: – Vi vil dukke opp overalt

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Denne veka går politiet hardt ut for å stoppe alle som køyrer for fort. Særleg onsdag varslar dei massivt med kontrollar i eit såkalla «speedmarathon».

DEL

Denne veka gjennomfører Utrykkingspolitiet (UP) og politidistrikta ei mengd fartskontrollar. Særleg onsdag denne veka er sjansen stor for å bli kontrollert. Det skriv Firda.

– Ein spesiell innsats mot fartsoverskridingar vil bli gjennomført onsdag 18. april, i samband med at Europeisk trafikkpolitisamarbeid (TISPOL) gjennomfører eit såkalla «Speedmarathon» melder UP på Facebook tysdag.

Målet med kontrollen er å førebygge og å avdekke fartsoverskridingar, men overordna mål å redusere talet på personar som blir drepne og hardt skadde på norske vegar.

Speedmarathon

Det såkalla «speedmarathonet» går ut på at politi i heile Europa blir oppfordra til å sette alle klutar til for å stoppe dei som køyrer for fort. UP har sett av alle sine kontrollørar til å måle fart onsdag.

– Vi kjem til å ha meir fartskontrollar enn det vi normalt har i den forstand at patruljane ikkje vi prioritere andre kontrolltiltak, seier UP-sjef Terje Oksnes ved Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Det betyr ikkje at det ikkje kjem til å kontrollere andre ting, som rus og bilbeltebruk. Dette vil bli kontrollert som del av fartskontrollane.

Vil dukke opp «overalt»

Ifølge BA oppfordrar TISPOL politiet i Europa til å opplyse om kor dei kjem til ha kontrollar, for å få bilistane til køyre saktare, men UP held likevel korta tett til brystet.

– Vi prøvde det før påske, og det hjelpte ikkje noko då. No blir det litt meir tilfeldig kor folk treffer på oss, seier Oksnes, som kjem med eit varsel til råkøyrarane.

– Vi kjem nok til å dukke opp overalt i ei slik aksjonsveke.

Statens vegvesen har også varsla intens storkontroll: I 48 timar skal dei kontrollere all tungtransport på heile Vestlandet frå onsdag morgon.

Gigantkontroll: På 48 timar skal Statens vegvesen kontrollere all tungtransport på heile Vestlandet 

Artikkeltags