Sidan skulestart har politiet stoppa 890 bilistar, men svært få har fått bøter.

Illustrasjonsfoto
Ei veke inn i nytt skuleår er 890 bilar kontrollerte. Så langt har 24 førarar fått reaksjonar frå politiet.
– Det gjennomgåande inntrykket er godt. Det at under tre prosent av dei kontrollerte bilførarane fekk reaksjonar frå politiet syner at folk er grunnleggjande opptekne av ein trygg skuleveg, seier leiar for Geografisk driftseining i Sogn og Fjordane Arne Johannessen i Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Til no har politiet hatt hovudfokus på sikring av barn og bruk av mobiltelefon bak rattet. Totalt er det gitt fem forenkla førelegg for manglande sikring av born og sju gebyr for manglande bruk av bilbelte. Ingen førarar vart oppdaga med mobiltelefon i handa.
Under kontrollane fekk også seks førarar forenkla førelegg for å ha køyrd i strid med skiltinga i området. Meir alvorleg var det då ein person i Hyllestad blei teken for å køyra i rusa tilstand.
Aksjonen har blitt godt mottatt av foreldra og lærarar, og politiet varslar at dei vil fortsetja kontrollane langs skulevegane.
– Vi har fått veldig mange hyggjelege og positive tilbakemeldingar frå folk som set pris på at politiet tek dette med skuleveg på alvor. Det set vi pris på og vi vil fortsetja med full trøkk denne veka også, seier politiinspektør Arne Johannessen.
Resultat frå Aksjon skulestart, veke 1:
Lensmannsdistrikt | Antall kontrollerte | FF sikring born | Gebyr biltelte | Gebyr andre | FF anna | Anm andre |
Nordfjord | 233 | 2 | 2 | 1 |
|
|
Sunnfjord | 105 |
|
| 1 | 6 | 2 |
Sogn | 552 | 3 | 5 | 2 |
|
|
Totalt | 890 | 5 | 7 | 4 | 6 | 2 |