– Polenturane er ein skuletur

REKTOR: Geir Knapstad, rektor ved Flora ungdomsskule, synest det er trist at polenturane har blitt så heftig debattert i det siste.

REKTOR: Geir Knapstad, rektor ved Flora ungdomsskule, synest det er trist at polenturane har blitt så heftig debattert i det siste. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjølv om det er foreldra som arrangerer turane til Polen, er det i skuletida, seier ungdomsskulerektor Geir Knapstad.

DEL

Rektor Geir Knapstad ved Flora ungdomsskule synest det er trist at turane har skapt så mange kontroversar den siste tida.

– Det er trist at det positive engasjementet som har vore blant foreldre i mange år for å få dette til, har blitt drukna i støy og usemje med tanke på finansiering. Men ut frå det som er lagt av premissar i bystyrevedtaket tysdag, skal skuleadministrasjonen no sette seg saman med partane som er involvert for ein dialog om kva retningslinjer som skal gjelde vidare seier Knapstad.

LES OGSÅ: Vil ha slutt på Polen-turar til 300.000 kr

LES OGSÅ: - Nilsen kjem med faktafeil

– Gratisprinsippet gjeld

Han legg til at han støttar Foreldrearbeidsutvalet ved ungdomsskulen, som seier at gratisprinsippet også gjeld ved desse turane.

Gratisprinsippet i opplæringslova seier at kommunen ikkje kan krevje at elevane eller foreldra dekker til dømes skuleturar, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av undervisninga. Men er desse polenturane ein skuletur?

– Turane er arrangerte i skuletida, så svaret er ja.

– Men er det ein del av undervisninga ved skulen?

– Både ja og nei. Som regel er det ein lærar som reiser med klassen sin. Læraren kan bruke stoffet frå turane både i samfunnsfag, KRLE og andre fag, så på den måten kan du seie det er ein del av undervisninga, svarar Knapstad.

– Då gjeld vel gratisprinsippet polenturane også.

– Det gjer det. Dei siste to åra har desse turane blitt finansiert gjennom foreldregruppene gjennom pengegåver, seier Knapstad.

Kva om ein ikkje betalar?

– Men dersom eg som forelder ikkje vil betale desse «pengegåvene» for denne turen, reiser ungdommen min gratis då i samsvar med gratisprinsippet?

– I prinsippet, ja. Her skal gratisprinsippet gjelde, då reiser heile klassen, seier Knapstad.

– Men vil ikkje det føre til at turen blir dyrare for alle dei andre foreldra, dersom eg let vere å betale for meg?

– Det skal vere anonymt kven som betaler inn pengegåver eller ikkje, svarar Knapstad.

– Men når foreldregruppa eksplisitt krev at ungdommen din sel så og så mange toalettrullar eller klutar, er det jo ikkje anonymt. Vil ikkje dette føre til eit press på foreldra til å betale?

Det skal vere anonymt kven som betaler inn pengegåver til turen.

Geir Knapstad

– Jo. I diskusjonen som har vore den siste tida har fleire foreldre uttrykt at det har vore press. Men det er jo ein gong sånn at det er foreldregruppa i møte som diskuterer og kjem fram til korleis dei ønsker å arrangere turen. Dei ser på dette som eit klassemiljøtiltak og ein del av opplæringa. Men dei som først og fremst har forventningar om å dra på desse turane er elevane sjølve, som ofte byrjar snakke om turane allereie i sjetteklassen. Det er elevane sjølve som har vore pådrivarane her, seier Knapstad.

Det var også tydeleg under bystyremøtet tysdag, der representanten frå ungdommens bystyre gjekk mot resten av bystyret, som meinte at gratisprinsippet ikkje blir følgt i dag.

Gir ingen permisjon

– Kva om foreldregruppa får inn for lite gåver til å dekke turen?

– Vi har ein del klassar som har byrja ved å sette seg eit mål, og så har dei eit rimelegare alternativ dersom dei ikkje får inn nok midlar, så på den måten har dei gardert seg.

I Firdaposten 19. januar løfta Bente Nilsen fram ein uttale frå Utdanningsdirektoratet som seier at det er ulovleg å gje ei heil elevgruppe permisjon for å reise på ein foreldrebasert tur.

Geir Knapstad svarar at han ikkje har gitt elevar eller grupper av elevar permisjon for å dra på polentur.

– Vi har ikkje praktisert å gje permisjonar til dette føremålet, i og med at dette er skuleturar arrangert i samarbeid med foreldra.

– Men kva er rektor si rolle oppi dette?

– Mitt forhold til dette er at eg har møte med foreldrerepresentantane i åttande klasse, der eg informerer dei om polenturane, og gir gode råd med korleis dei kan legge opp prosessen vidare – dersom dei ønsker det. Dette med polenturane er ikkje noko som skulen pålegg dei å gjere.

– Det er ikkje skulen som arrangerer turane?

– Nei, det er foreldregruppa, når heile klassen har bestemt seg for å gjere dette, svarar Knapstad.

Kven er ansvarleg?

– Men kven er ansvarleg dersom det oppstår uhell på turen?

– Reiseoperatøren har eit ansvar for heile reisa.

– Sjølv om det er i skuletida?

– Skulen har ei forsikringsordning som gjeld i skuletida til elevane, denne gjeld ved slike turar også, legg Knapstad til.

– Men når det er i skuletida, gjeld vel skulen sitt ordensreglement for turen og?

– Ja, det gjer det jo. I tillegg har turoperatøren forslag til kontraktar om orden og åtferd som ein inngår med elevane, svarar Knapstad.

– Men er det utarbeidd sanksjonar, som til dømes å bli sendt heim frå turen? Kan eventuelle brot på ordensreglane føre til endringar i karakteren for orden og åtferd?

– Det har faktisk skjedd at elevar vart sendt heim, men det er riktig nok lenge sidan. Og dette kan få påverknad på karakteren i orden og åtferd, men eg kan ikkje hugse at vi nokon gong har gjort det.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken