Gå til sidens hovedinnhold

"Poker run" for tredje gong

Artikkelen er over 18 år gammel

FLORØ: Laurdag arrangerer Hammer MC "Poker run" for tredje å r på rad, i høve motorsykkelen sin dag. – Vi vil oppfordre alle til å delta og støtte opp om motorsykkelløpet, seier Stian Dolve.

I eit "Poker run" skal deltakarane køyre ei viss rute, og på fem forskjellige stopp får dei utdelt kvar sitt spelekort. Den motorsyklisten som kjem tilbake til Florø med den beste pokerhanda, vinn ein premie. Det er tredje gongen Hammer MC arrangerer eit slikt løp, og som i dei tidlegare årene skal alle inntektene gå til Norsk luftambulanse.

– Det er veldig naturleg for oss å støtte luftambulansen. For motorsyklistar er det viktig med hjelp straks når uhellet er ute, seier Dolve.

Han håper på mange deltararar laurdag, og sidan det går over 200 tunge motorsyklar i Florø, burde det kunne bli eit flott opptog når løpet startar.

– Alle som har motorsykkel kan vere med, enten dei er medlemmer av klubben eller ikkje, og vi vil oppfordre alle til å støtte opp om arrangementet. Dei som ikkje har sykkel er òg velkomne, det blir mellom anna sal av kaffi og kaker i klubbhuset i Stranda, seier han.