Plukka 150 smikk fulle sekkar med plast på sju timar

Knut Hovden (i båten) og 25 andre plukka 150 sekkar plast på Søre Nærøya.

Knut Hovden (i båten) og 25 andre plukka 150 sekkar plast på Søre Nærøya. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

...og det i tillegg til all plasten som ikkje fekk plass i sekkane.

DEL

– Det er for gale at dette i det heile er mogleg, seier Knut Hovden.

Søndag var han og 25 andre på strandryddingsdugnad på Søre Nærøya og Husholmen, etter initiativ frå Naturvernforbundet Sogn og Fjordane. Dette er første gong nokon organiserte plastplukking på Nærøya. Resultatet var nedslåande.

– Vi henta 100 sekkar hos kommunen til å ha plasten vi fann oppi, men det var for lite. Totalt fylte vi kring 150 sekkar med plastavfall dei sju timane vi rydda. I tillegg kjem all plasten som ikkje fekk plass oppi sekkane. Eg reknar med at vi i alt har plukka kring 30 kubikk med plastavfall, seier Hovden.

Sjå bildeserie frå Nærøya nedst i artikkelen.

Plastavfallet i havet blir tema i kveld tysdag, då dei viser dokumentarfilmen «Plastikkhavet» på Florø kino. Etter filmen skal Børje Møster i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane halde eit foredrag. Han bur om bord i havsiglaren «Sheba Queen» og har planar om å reise langs heile norskekysten i år. Undervegs skal han arrangere strandrydding og halde kurs i fridykking og båtførarprøva.

LES OGSÅ: – Meir plast enn fisk i havet innan 2050

Det var Møster som tok initiativet til ryddeaksjonen på Søre Nærøya. Han og fire ungdommar mellom 19 og 24 år la til med «Sheba Queen» og plukka søppel med representantane frå Nærøya.

Dette er ikkje den første plastaksjonen i Flora. Og det blir nok ikkje den siste. Førre helg plukka dei 80 kommunale plastsekkar med plastsøppel på knappe fem timar i Devika på Askrova. Og for litt over to veker sidan plukka dei to containerar fulle med plastavfall på Reksta, og held framleis på med å plukke.

Artikkeltags