I april og mai i år vart det sett ut over 50 kilo med cannabis-frø over heile Norge. Ein klubb som kallar seg for «Dyrkeklubben» skal ha stabilisert ein cannabisplante, som skal vekse godt i norsk natur. Og i haust skal det haustast av det som er sådd og seljast over disk. Linnerud fortel at dei fleste plantane kjem opp i skogen, men det er også sådd cannabis nær offentlege bygg som rådhus og lensmannskontor i Sogn og Fjordane.
– Dei som dyrkar for oss i Førde og andre stader kvir seg for å stå fram i media, men eg kan love deg at mykje cannabis vil blomstre opp i Sogn og Fjordane utover hausten, seier Linnerud.
Han er leiar for «Dyrkeklubben» som dyrkar fram cannabis i Norge og for aksjonsgruppa «Overgrow», som i mange år har jobba for legalisering av cannabis ved å plante cannabis ut i det offentlege rommet. «Overgrow» er ei aksjonsform som starta i Canada for ti år sidan. I 2003 stod «Dyrkeklubben» med Johnny Linnerud fram i Norge. Den same aksjonen har også dyrka fram plantar i det offentlege rom både i Sverige og Danmark.
Livsfarleg
Linnerud fortel at legalisering av cannabis er eit politisk minefelt som trass i støtte frå mange politikarar ikkje har blitt gripe fatt i. Dette meiner han gjer at cannabis blir distribuert av kriminelle som også forsyner Norge med stoff som amfetamin og heroin.
– Cannabis vil ikkje kunne fjernast frå Norge, og blir brukt. Dette kjem vi ikkje bort frå. Då staten ikkje er med på å kontrollere dette, blir cannabis distribuert frå kriminelle. Dette vil vi ha slutt på, seier Linnerud. Han meiner lovforbodet i Norge gjer at folk trur det er eit stoff på lik linje med amfetamin og heroin ved at same kriminelle kanalane står for distribusjonen.
– Tenk deg at ein som vil kjøpe marihuana opplever at seljaren ikkje har, men i staden tilbyr amfetamin eller heroin. Dette er livsfarleg. Difor meiner vi at staten bør kontrollere sal av cannabis for å få kontrollen ut av grepet til kriminelle miljø til at folk kan dyrke det sjølv eller kjøpe det av sertifiserte dyrkarar, seier Linnerud.
Ikkje ufarleg
– Meiner du at cannabis er ufarleg?
– Nei, det eg seier er at cannabis er eit etablert rusmiddel i Norge i dag. Vi ønskjer berre at det skal ut av kontrollen til kriminelle.
– Vil ikkje slike aksjonar og ei legalisering føre til auke i bruken?
– Nei, det trur eg ikkje. Dessutan vil ein kunne hindre/ minke tilgangen til tyngre stoff.
– Du ser ikkje at bruk av cannabis kan vere første steg mot tyngre narkotika?
– Slett ikkje. Den klatringsmodellen er tilbakevist for lenge sidan.
Han ønskjer ikkje å forherlege cannabis, men meiner det er eit mindre skadeleg rusmiddel enn alkohol.
– Det eg jobbar for er å få cannabis inn i regulerte former, og dette arbeidet har det offentlege Norge ikkje klart å gjere. Det har tvinga fram slike aksjonar. Når det er sagt, er cannabis ikkje noko du skal bruke om du har psykiske problem. Det må heller ikkje nyttast i puberteten, om ein ikkje er ferdig utvaksen. Marihuana-bruk er nemleg noko som kan hemme veksten din, avsluttar Linnerud.