8. oktober flyttar seismikkselskapet PGS Geophysical til Fjord Base i Florø. Og det går ikkje så aller verst med nytilflyttaren: Selskapet leverte andre kvartal i år eit resultat etter skatt på 10,4 millionar dollar. Det er ein klar forbetring sidan samme periode i fjor, då selskapet hadde eit minusresultat på 32,2 millionar dollar. Dette skriv petro.no. Omsetnaden i andre kvartal var på 239,7 millionar dollar. Brutto driftsresultat enda på 136 millionar, opp 112,5 frå samme periode i fjor.