Trafikken og interessa for å annonsere på nett auka jamnt og trutt. I januar registrerte vi 36 000 unike brukarar og 1 034 000 sidevisningar.
Øyremerka
-Dette er eit resultat av at vi for første gong har øyremerka ressursar for å jobbe med nettavisa. Det fungerer godt og er ein styrke også for papiravisa, sidan vi får meir lokalt småstoff i papiravisa, seier ansvarleg redaktør Svend Arne Vee.
Firdaposten har også rusta opp ein del tenester, mellom anna skipstrafikk-tenesta som snart er heilt klar i ny versjon. Det står att litt små justeringar.
- Vi må gå ein runde på om det finst ei grense for kor langt ein kan utvikle nettavisa utan at papiravisa stagnerer eller går ned
i opplag. Det kan sjå ut som fleire fjernabbonenetar får nok informasjon om lokalsamfunnet med å lese berre nettavisa. Nedgang i opplag på papiravis er kanskje noko vi må leve med, forklarer han.
Annonsekampanje
I februar skal Firdaposten også i gang med ein nettannonsekampanje, «Ja takk, begge deler». Den går ut på at kundane skal få tilbod om både papir og nettannonse. Dersom det blir gløymt, vil kunden få gratis nettannonse på kjøpet.