Parkeringsautomatane fungerer ikkje

PARKERINGSAUTOMAT
I STRANDGATA I FLORØ.
P- AUTOMAT
PARKOMETER
AUTOMAT FOR PARKERINGSAVGIFT

PARKERINGSAUTOMAT I STRANDGATA I FLORØ. P- AUTOMAT PARKOMETER AUTOMAT FOR PARKERINGSAVGIFT Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Men det er likevel ikkje fritt fram for å parkere som du vil.

DEL

Ein teknisk feil gjer at alle automatane i Strandgata torsdag ikkje fungerer som dei skal. Det seier dagleg leiar Jan Harald Arnesen i Florø Parkering.

- Feilen gjer at folk ikkje får ut parkeringslapp når dei vel ein time gratis parkering. Vi må skifte ut nokre delar i maskinene. Når automatane vil fungere som normalt att veit eg ikkje heilt enno, seier Arnesen men strekar under at den tekniske feilen ikkje er det samme som fritt fram for parkering:

- Vi har andre metodar for å finne ut om folk har stått i meir enn ein time, så folk skal ikkje vere redd for å få bot så lenge dei står under ein time, seier han.

Det er framleis mogleg å parkere med Easypark-appen som vanleg.

Artikkeltags