Snart blir du møtt av hypermoderne parkering når du skal hit

Florø lufthamn.

Florø lufthamn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Avinor moderniserer parkering på flyplassane med framtidas teknologi. No vil automatisk skiltgjenkjenning sørge for at dei reisande slepp å trekke parkeringslapp, slepp å betale manuelt og unngår parkeringsbøter.

- Vi i Avinor ønskjer å gjere reisa enklare for alle som skal ut å reise. Med automatisk skiltgjenkjenning blir det endå enklere å parkere hos oss. Vi håpar det vil være til glede for dei som parkerer på våre lufthamner, seier kategorisjef Per-Rune Lunderby i Avinor.

Med det nye systemet vil alle bilar som køyrer inn på parkeringsplassane blir automatisk registrerte via skiltgjenkjenning, slik at ein slepp å trekke parkeringsbillett. Bilisten kan velje å betale parkeringsavgifta på betalingsautomatar i lufthamna, via appen Mobilparkering/Autopay eller motta ein faktura. Det nye systemet gjer òg at det ikkje vil bli skrive ut parkeringsbøter, sidan alle bilar blir automatisk registrerte.

- Eit godt alternativ er at bileigaren registrerer seg som kunde på Avinor.no, slik at det oppgitte betalingskortet vert belasta direkte. Det sikrar bilisten ei smidig og sikker betaling kvar einaste gong ein besøker lufthamna, sier Lunderby.

Samstundes anbefalar han alle å førehandbooke parkering i dei lufthamnene det er mogleg - det kan det vere mykje å spare på, når det er tale om lengre tid.

Avinor er faktisk landets største parkeringsoperatør, med rundt 50.000 parkeringsplassar på sine 45 lufthamner. Til no er systemet innført i Bergen og Haugesund, og dei neste 24, inkludert Florø, får systemet i løpet av hausten. Dei resterande skal også få systemet innført på sikt, bortsett frå på dei ti minste lufthamnene. Ved Svalbard, Berlevåg, Båtsfjord, Hasvik, Honningsvåg, Mehamn, Røst, Sørkjosen, Vardø og Værøy lufthamner er det så få som parkerer at det ikkje vil lønne seg å innføre systemet, så der vil ikkje lenger bli kravd betaling for parkering.

Artikkeltags