På loggen sin opplyser politiet om at ein syklist er påkøyrd på rv. 5 på Evja, og at den skadde er ein mann i 70-åra.

Mannen vart send med ambulanse til Førde ca klokka 13.40. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Trafikken gjekk forbi ulukkesstaden i ei køyrebane medan politi og ambulanse var på staden.

I tida før politiet kom, var det forbipasserande som tok initiativ til å stanse trafikken ved å sperre vegen med eigne køyrety, fortel eit vitne.

Vitnet fortel også at det såg ut til at den skadde sykla rett ut i fotgjengarovergangen og framfor bilen som trefte han.

Førar av bilen var ein mann i 60-åra. Førarkortet hans er mellombels kverrsett. Det er ikkje mistanke om alkoholrus.

Saka vert etterforska av Flora politistasjon.