Gå til sidens hovedinnhold

Overvakingskamera var avslått

Artikkelen er over 13 år gammel

- No er vi avhengige av fleire tips, seier politietterforskaren.

Grunna omlegging av datasystemet stod alle overvåkingskamera av på Svelgen skule, då tjuvane braut seg inn i natt.

Innbrot på Svelgen skule

Politietterforskar Hans Rune Strandos har i dag tilbragt fleire timar på skulen for å finne spor etter innbrotet, der tjuvane fekk med seg datamaskiner med ein verdi opp til 600 tusen kroner.

No veit dei at det manglar akkurat 75 bærbare maskiner, og at gjerningspersonane har brukt ei bakrute på bygget for å komme seg inn. Der, bak skulen, har dei parkert bilen, og unhindra bore med seg alle maskinene ut i bilen og køyrt av gårde. Dei har ikkje tatt med seg noko anna enn desse datamaskinene, som alle var nye, i følgje Strandos.

- Skulen ligg paralellt med ein riksveg, så eg har tru på at det er fleire som har sett noko. på dette punktet er vi avhengige av fleire opplysningar, oppfordrar han.