– Ja, det er lenge sidan vi har hatt overløp på alle vatna og ned i sjøen, fortel kraftverkssjef Oddvar Andersen hos Elkem Energi i Svelgen.
Hjelmevatnet fullt
Måndag målte dei over 67 millimeter nedbør (i Eikefjord målte Olav Aalen 107 millimeter), og siste veka kom det 147 millimeter i Svelgen. I tillegg har det regna og smelta godt med snø i fjellet i lengre tid. Resultatet er at det store Hjelmevatnet renn over, og då forplantar det seg fort nedover i Svelgenvassdraget.
Straumane kraftverk går for fullt, men greier ikkje på noko vis å ta unna frå Sørdalsvatnet som rann over, og juvet gjekk skummande kvitt ned forbi stasjonen.
– Sørdalsvatnet hadde eit overløp på 80 centimeter, og det er det tredje meste eg har opplevd på 25 år, seier Andersen som har arbeidd så lenge ved kraftverket.
Andre store overløp han kan hugse kom i 1989 og 1990, då det regna kolossalt i lengre tid. Vi kan legge til at i Grøndalen vart det målt over 10 000 millimeter (over ti meter) nedbør dei to åra til saman. Det er truleg der meste som er målt i Norge i nyare tid.
Stengt i 1983
27. oktober i 1983 kom det også eit stort og intenst overløp. Det var det største Andersen kan hugse i Svelgenvassdraget. Fossen nede med sjøen gjekk så stor at dei ei stund måtte stenge vegbrua til Sande. Då dei opna att, låg det store steinar i vegbana, kasta inn på brua av elvevatnet.
Årsnormalen i Svelgen er 2590 millimeter, og hittil i år er det kome 1953 millimeter, så det er på god veg til å kome godt over eit normalår. September, oktober, november og til dels desember er gjerne dei største nedbørsmånadene for Svelgenvassdraget. Seinare plar mesteparten kome som snø.
Mesteparten av fornyingsarbeida i Svelgenvassdraget er no sluttførde. Det som står att er siste resten på den nye demninga for Handklevatnet. Det er Skanska som har jobben, og dei slit med vêret, både skodde og sterk vind, som har hindra helikoptertransporten.