Gå til sidens hovedinnhold

Over 100 årsverk må vekk

Artikkelen er over 13 år gammel

For at Helse Førde skal få kontroll over økonomien skal ein vurdere kutt av mellom 100 og 120 årsverk i løpet av tre år.

- Der er skissert eit behov for ein betydeleg reduksjon i tal tilsette i føretaket med eit samla nedtak på mellom 100 – 120 årsverk i løpet av 3 år. Det er allereie føresett eit betydeleg nedtak av årsverk både knytt til avvikling av sengeposten og ved etablering av pasienthotell og andre endringar som er konkretisert i dei tiltaka som er komne opp så langt. Administrerande direktør konstaterer at dei førebelse tiltaka identifiserer ein reduksjon på 30-35 årsverk. Det er behov for å redusere tal tilsette i føretaket ytterlegare for å bringe økonomien i balanse, skriv administrerande direktør Jon Bolstad i sitt budsjettframlegg. Les styredokumentene her