Torsdag er denne brua stengt i fire timar

Osstrupen bru blir stengt mellom 09.00 og 13.00 torsdag.

Osstrupen bru blir stengt mellom 09.00 og 13.00 torsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Osstrupen bru blir stengt torsdag føremiddag, og på kvelden er det folkemøte på Steinhovden skule.

DEL

Statens vegvesen melder at dei vil stenge Osstrupen bru på Fv. 542 i fire timar torsdag.

Brua blir stengd frå klokka 09.00 torsdag 31. mai, og opnar igjen klokka 13.00 same dag.

Årsaka til stenginga er veg- og vedlikehaldsarbeid.

Flora kommune melder på sine nettsider at arbeidet med forsterking av Osstrupen bru vil medføre meir stenging av brua utover sommaren. Difor inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte på Steinhovden skule i kveld, torsdag 31. mai klokka 18.00.

Der vil entreprenøren og Statens vegvesen informere om korleis arbeidet vil gå føre seg, og kva behov dei har for å stenge vegen. Her er dei opne for innspel for korleis dei kan legge til rette for brukarane av vegen på best mogleg måte.

Artikkeltags